VELKOMMEN TIL TROND RØYSET GUSTAVSEN (J.C.MYPAL) SIN BLOGG!
Du kan abonnere på mine innlegg ved å bruke rss/atom.
(Helt nederst på siden)

10.6.10

Gud er med!

Eit halvt år er nesten gått sidan vi starta opp husfellesskapet. Dette har vore ei særs rik tid.
Vi har på denne tida hat stor aktivitet. Vi har hatt møter kvar tirsdag, og det har vore givande møter, der vi har samtalt, lovunge Gud, bedt og undervist kvar andre i ordet.

Det har vore særs inspirerande å sjå at det spirer og gror på fleire plan i husgruppa.
*Fleire har valt og vere med og skifte på å ha husfellesskapet i sine heimar. Dette har gjort at kvar enkelt har følt seg inkludert, fri og det har vore utviklande for alle saman. Så no vekslar vi på dette.
*Det har kome til nye krefter, på den måten at det har blitt samlande for fleire kristne, og samtidig at nye har kome til fellesskapet. Folk er blitt fornya og fått sine møter med Gud.
*Vi har arrangert møter med gjestetalarar, som har kome og besøkt oss, når dei likevel er på Betel Volda. Vi får nytte deira besøkande om dei ynskjer og er ledige.
Vi har også nettopp avvikla ein møteserie, der vi avvikla 11 møter på ni dagar. Vi fekk besøk av Turid Omdal frå Hauge i dalane, og ho hadde med seg ei venninne som spelte gitar. Denne serien blei eit springbrett og va veldig utviklande for fleire av oss. Vi lærte mykje om praktisk tilrettelegging av møter, og vi fekk alle eit møte med Gud som vi aldri kjem til å gløyme.

No framfor sommaren, er vi fulle av håp, inspirasjon og glede over det som Herren gjer for oss i husfellesskapet.
Vi er inspirerte til å gå vidare i tru for at Herren skal vere med og stadfeste sitt ord på alle felt.
Vi seier berre: "Herre her er jeg, send meg," og så får Han være med oss i kvardagen og lede vår gange og vår sti.

Det sakl ikke bli like lenge til jeg skriver her neste gang. I skrivende stund er det to og en halv uke til vi reiser på møter med Rodney Howard Brown. Flere av oss i husfelleskapet reiser.
Vi har forhåpninger om at det vil gjøre oss godt.

Guds rike velsignelse til deg og dine.

Trond.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar